Vi tilrår at du alltid nyttar siste versjon av nettlesaren din.

Behandling

Hjertesvikt - livsstilsbehandling

Behandling av hjertesvikt består i å korrigere årsaker til hjertesvikt, og å avlaste hjertet slik at restfunksjonen utnyttes bedre. Eventuelle tilleggssykdommer må også behandles. Behandlingen består av livsstilsendringer, medikamentell behandling og kirurgi/mindre inngrep ved hjelp av kateter. Har du hjertesvikt trenger du som oftest livslang behandling og oppfølging.

Før

Hjartesvikt kan ha mange årsaker, og ofte er det fleire årsaker til hjartesvikt hos éin og same person. Dei vanlegaste årsakene til hjartesvikt er kransåresjukdom (tronge blodårer til hjartet) og høgt blodtrykk. Desse sjukdommane er kalla livsstilssjukdommar, altså sjukdommar ein i stor grad kan unngå gjennom ein meir gunstig livsstil. 

Det viktigaste vi kan gjere for å forhindre hjartesvikt, er derfor å oppnå betre livsstil i befolkninga generelt. 

Dei viktigaste tiltaka du kan gjere for å unngå hjartesvikt i framtida, er:

  • Å mosjonere jamleg
  • Halde vekta nede
  • Ete normalt sunt med høgt inntak av grønsaker og grove kornprodukt og lågt inntak av sukker, salt og feitt.
  • Slutte å røyke. 
  • Du behøver ikkje vere totalavhaldande frå alkohol, men du bør unngå eit høgt alkoholinntak (meir enn 1–2 einingar per dag for kvinner og 2–3 einingar for menn).

Under

Eigeninnsats er ein berebjelke i hjartesviktbehandlinga. Alle som har hjartesvikt, bør følge dei livsstilsråda dei får av legen, og for dei fleste vil det innebere ei omlegging av livsstilen. Sjølv om dette kan vere vanskeleg å få til, vil du få betra livskvalitet og mindre symptom dersom du klarer å følge råda under.

Vektkontroll

Vektkontroll med føring av dagbok kvar veke (ev. hyppigare i ustabile fasar) er noko av det viktigaste i eigenbehandlinga. På lang sikt er det anbefalt kontrollert vektnedgang dersom du er overvektig i utgangspunktet. Dersom du derimot er mager i utgangspunktet, bør du trene for å auke muskelmassen.

Unødvendige kilo er ei ekstra belastning for hjartet. Vektreduksjon ned mot idealvekt er anbefalt. Ved starten av hjartesviktbehandlinga vil vekta ofte gå ned på grunn av at det skiljast ut meir vatn. I stabile fasar er stabil vekt eit teikn på at sjukdommen er under kontroll. 

Vektoppgang kan vere uttrykk for væskeoppsamling og behov for å auke behandlinga med vassdrivande medikament (diuretika). Vektreduksjon som ikkje er planlagt, kan vere utrykk for væskeunderskot med fare for påverknad av nyrer og salt i kroppen. 
Kosthald
Anbefalt kosthald til deg med hjartesvikt er det same som blir anbefalt som sunt, hjartevennleg kosthald til befolkninga elles. Har du hjartesvikt, bør du unngå salt mat, og du bør ikkje bruke ekstra salt i matlaginga. Mindre væskeinntak er sjeldan nødvendig i stabile fasar av sjukdommen, men kan vere nyttig om du har hevelsar i beina.

Røykestopp

Røyking aukar innhaldet av karbonoksid (kolos) i blodet. Kolos binder seg sterkare til dei raude blodlekamane enn oksygen og blokkerer for oksygentransporten. Ved hjartesvikt klarer ikkje hjartet å dekke alle behova for oksygen som organa har. Røyking vil forverre situasjonen ytterlegare. Røyking medfører òg at åreforkalkingsprosessen i kransårene til hjartet aukar. Har du hjartesvikt, anbefaler vi derfor at du sluttar å røyke.

Alkoholforbruk

Alkohol påverkar blodsirkulasjonen og har ein negativ verknad på hjartemuskelcellene. Det åtvarast mot dagleg alkoholinntak og større enkeltinntak av alkohol hos pasientar med hjartesvikt. Derimot inneber eit moderat forbruk av alkohol ingen risiko. Hos enkelte vil alkohol utløyse/forverre tilstanden, og avhald kan då «kurere» sjukdommen.

Fysisk aktivitet

Dagleg fysisk aktivitet er ønskeleg ved alle grader av hjartesvikt. Det er viktig at aktivitetsnivået blir tilpassa deg, og du må vere spesielt varsam dersom du har alvorleg hjartesvikt. Regelmessig trening på eiga hand er viktig. 

Dei fleste som har hjartesvikt, bør trene slik at dei blir sveitte og andpustne minimum tre gonger i veka. Det er lurt at du set deg eit konkret mål, for eksempel å gå ein bestemt tur (helst med nokre ordentlege oppoverbakkar) tre gonger i veka. Nokon synst det er nyttig å følge med på ein skritteljar (dei fleste moderne telefonar har slike), der du bør ligge på minst 10 000 skritt per dag. Nokre få grupper av pasientar med arveleg årsak til hjartesvikt bør unngå hardtrening og større påkjenningar. Spør legen din dersom du er i tvil. 

Seksuell aktivitet

Det er ikkje haldepunkt for at det er farleg å utføre seksuell aktivitet dersom du har hjartesvikt. Mange som har hjartesvikt, slit med potensen på grunn av sjukdommen i seg sjølv, tilleggssjukdommar og medisinbruk. Du behøver ikkje å vere redd for å ta opp dette problemet med legen din!

Vaksinar

Pasienter med hjartesvikt, vil tole vanlege infeksjonssjukdommar dårlegare enn befolkninga elles. Fleirtalet av dei som har hjartesvikt, bør derfor rutinemessig vaksinere seg mot influensavirus (kvar haust), og enkelte bør òg få pneumokokkvaksine. Spør legen din om du bør bli vaksinert.

Etter

Å leve med hjartesvikt vil for mange bety avgrensingar i det daglege livet og dermed redusert livskvalitet. For den enkelte som har hjartesvikt og pårørande, er det derfor viktig å ha kunnskap om sjukdommen og om enkle prinsipp som kan redusere symptom og plager. Den enkelte må ta ansvar for eigen sjukdom og bør følge dei råda som blir gitt med tanke på eigenbehandling. Dette er ofte det viktigaste enkelttiltaket for å unngå hyppige sjukehusinnleggingar. 

Har du hjartesvikt, treng du vanlegvis livslang behandling og oppfølging. Dette gjeld i høgaste grad òg livsstilsråd: Ein sunn og tilpassa livsstil både førebygger hjartesvikt, betrar symptoma ved hjartesvikt og hindrar tilbakefall.