Vi tilrår at du alltid nyttar siste versjon av nettlesaren din.

Behandling

Medikamentell behandling ved hjertesvikt

Behandling av hjertesvikt består i å korrigere årsaker til hjertesvikt, og å avlaste hjertet slik at restfunksjonen utnyttes bedre, og å behandle tilleggssykdommer. Behandlingen består av livsstilsendringer, medikamentell behandling og kirurgisk eller kateterbasert inngrep. Har du hjertesvikt, trenger du som oftest livslang behandling og oppfølging.

Før

Før oppstart med medisinar er det viktig å ha ein presis diagnose. Hovudsymptoma ved hjartesvikt: 

  • Tung pust og redusert arbeidstoleranse (er også vanleg ved lungesjukdommar)
  • Fedme
  • Låg blodprosent 
Dersom det er ei anna årsak til plagene dine, vil hjartesviktmedisinar naturleg nok ikkje verke. Legen må også avdekke om hjartesvikten har spesifikke årsaker som eventuelt lar seg behandle. Det er dessutan viktig å kartlegge eventuelle tilleggssjukdommar, som nyresjukdom, høgt blodtrykk og diabetes. Sjølv om behandlingsprinsippa i stor grad er like hos alle med hjartesvikt, må medikament og doser bli tilpassa kvar enkelt. 




Under

Medikamentell behandling av hjartesvikt kan bli starta på fastlegekontoret eller på sjukehus. Dei fleste medikamenta som blir gitt ved hjartesvikt, avlastar hjartet og får hjartet til å «jobbe på lågare gir». Dette kan gi forbigåande følelse av forverring av symptoma, sjølv om resultatet blir betre på sikt. Det er derfor viktig å trappe opp medisinane langsamt og kontrollert. Under opptrappinga må det bli gjort hyppige kontrollar av blodtrykk, hjarterytme, nyrefunksjon og blodsalt. 

Medisinane som betrar overlevinga og symptoma ved hjartesvikt gir også lågare blodtrykk. Dette er ein av måtane medisinane verkar på, og lågt blodtrykk behøver ikkje medføre nedtrapping av medisinane dersom det ikkje er uakseptable biverknader i form av at ein blir svimmel eller svimar av.

Medikament med dokumentert effekt ved kronisk hjartesvikt 

ACE-hemmarar hemmer eit hormonsystem kalla renin-angiotensin-systemet, som aukar blodtrykk, held tilbake væske i kroppen og medfører auka arbeid for hjartet. Behandling med ACE-hemmarar gir betre prognose, sjukehusinnleggingar blir redusert, livskvalitet og arbeidsevne aukar og forma og funksjonen til hjartet blir betre. 

Alle pasientar med hjartesvikt og redusert pumpefunksjon bør bli behandla med ACE-hemmarar såframt dei ikkje har uakseptable biverknader. Det er viktig at medikamentdosen blir trappa opp til anbefalt dosering. Generelt bør ein nå måldosen i løpet av 2–4 veker. ACE-hemmarar kan redusere nyrefunksjonen. 

Ei viss stigning i kreatinin, eit mål på nyrefunksjonen, er vanleg, men inneber ikkje forverra prognose. Nyrefunksjonen (spesielt hos deg med forhøgd kreatinin i utgangspunktet) bør bli kontrollert 1–2 gonger i løpet av denne tida. Seinare bør kreatinin bli kontrollert etter doseendringar og ved endring av vassdrivande medisin. ACE-hemmarar gir tørrhoste hos 5–10 % av pasientane. Dersom hosten er svært plagsam, vil det som regel vere nødvendig å skifte til ein angiotensinreseptorblokkar.

Angiotensinreseptorblokkarar verkar på det same hormonsystemet som ACE-hemmarar. Dei har blitt prøvd i ei rekke kliniske studie ved hjartesvikt, og utgjer eit alternativ til ACE-hemmar. I prinsippet er effekten jamgod med ACE-hemmarar, men ACE-hemmarar blir først anbefalt på grunn av noko meir omfattande dokumentasjon. 

Angiotensinreseptorblokkarar gir sjeldan tørrhoste og er særleg aktuelt hos dei pasientane som får tørrhoste av ACE-hemmarar. Som ved ACE-hemmarar bør dosen bli trappa opp til måldose i løpet av nokre veker. Legen bør sjekke blodtrykk, blodsalt og nyrefunksjon 1–2 veker etter oppstart og ved doseendring.

Angiotensin reseptor neprilysin-hemmarar (ARNI) er ei ny klasse medikament som både hemmar renin-angiotensin-systemet og forhindrar nedbryting av gunstige hormon. Dei er no på veg inn på marknaden og vil hos enkelte kunne erstatte ACE-hemmarar eller angiotensinreseptorblokkarar. 

Betablokkarar er saman med ACE-hemmarar førstehandsmedikament ved hjartesvikt med redusert hjartepumpefunksjon. Betablokkarbehandling gir betra hjartefunksjon, mindre symptom, betra livskvalitet og arbeidstoleranse, færre sjukehusinnleggingar og auka overlevelse. Start med ein låg dose og titrere langsamt opp (f.eks. dobling av dose kvar andre veke) med sikte på å nå måldose. Betablokkarar reduserer av og til blodtrykket og kan gi symptom på lågt blodtrykk. Dette er oftast forbigåande, men kan krevje midlertidig reduksjon av ACE-hemmardosen og eventuelle vassdrivande medisinar. 

Reduksjon av hjartefrekvens er ein tilsikta verknad og gir vanlegvis ingen symptom. Ved svært låg hjartefrekvens (< 50 slag/min) og symptom som å vere svimmel og omtåka bør det bli tatt EKG, og dosen bør ev. bli justert. Det kan vere nødvendig å slutte med andre medikament som påverkar hjartefrekvensen (rytmestabiliserande medisinar).

Biverknader og praktiske tips
Det finst ei rekke betablokkarar på marknaden, men ein bør velje ein med dokumentert effekt ved hjartesvikt, starte med ein låg dose og titrere seg langsamt opp (f.eks. dobling av dose kvar andre veke) med sikte på måldose (Tabell).
  • Lågt blodtrykk. Betablokkarar reduserer blodtrykket og kan gi symptom på lågt blodtrykk. Dette er oftast forbigåande, men kan krevje midlertidig reduksjon av ACE-hemmardosen og ev. av diuretika-dosen. Gjer dette før du sluttar med betablokkaren.
  • Væskeretensjon og forverra svikt førekjem i oppstartsfasen. Dette kan som regel bli unngått med låg startdose og ved at ein gir seg sjølv god tid med opptrappinga. Du bør vege deg dagleg, og ved vektauke kan dosen av vassdrivande bli auka.
  • Låg hjartefrekvens og hjarteblokk. Reduksjon av hjartefrekvens er ein tilsikta verknad og gir vanlegvis ingen symptom. Ved svært låg hjartefrekvens (< 50 slag/min) og symptom som å vere svimmel og omtåka bør det bli tatt EKG, og dosen bør ev. bli justert. Det kan vere nødvendig å slutte med andre medikament som påverkar hjartefrekvensen (digitalis, antiarytmika).
  • Nokre toler ikkje full dose (svimmelheit, svært låg puls) og har ofte ein auka følsamheit for betablokkarar. Det viktige her er at vi forsøker å oppnå høgst mogleg dose utan biverknader.
  • Biverknader som trøyttleik, svimmelheit og auka tungpust (dyspné) kan oppstå i starten, men forhindrar ikkje langtidsbruk. Vi ser ofte ei betring først etter fleire vekers bruk. Hos nokre kan det gå opptil 2 til 3 månader. 
  • Sjølv om betringa av symptom er beskjeden hos enkelte pasientar, utelukkar ikkje dette gunstig effekt på vidareutvikling av sjukdommen, antal sjukehusinnleggingar og dødsfall.
Det er viktig med eit skikkeleg kontrollopplegg med hyppige konsultasjonar dei første månadene, og seinare anbefaler vi kontroll kvar 3. månad.

Medikament som blokkerer verknad av aldosteron (spironolakton og eplerenon) har god effekt hos pasientar med hjartesvikt og redusert pumpefunksjon. I praksis legg vi til eit slikt medikament dersom du ikkje har tilstrekkeleg effekt av ACE-hemmar og betablokkarar. Bruk av aldosteronantagonistar krev nøye oppfølging med måling av blodsalt og nyrefunksjon.
Praktiske tips
  • Unngå å starte med Aldosteronantagonistar dersom eGFR < 30 ml/min eller S-K > 5,0 mmol/l
  • Hald dosen låg: Spironolacton 12,5–25 mg x 1, eplerenone 25–50 mg x 1.
  • Bruk av aldosteronblokkarar krev nøyaktig monitorering av S-K og eGFR 3 og 7 dagar etter oppstart, etter 1 og 3 månader og deretter kvar 3. månad resten av livet.
  • Som tillegg til ACE-hemmar bør det ikkje bli gitt både ARB og aldosteronantagonist samtidig på grunn av risiko for hyperkalemi og nyresvikt.
  • Unngå samtidig bruk av betennelsesdempande medikament. Snakk med lege om dette. Slutt med eller reduser samtidig K-tilskot.

Mange av symptoma ved hjartesvikt kjem av væskeopphoping i kroppen. Vassdrivande medisinar har ofte god effekt på tung pust og hovne bein, men blir ikkje anbefalt å bruke aleine og bør alltid bli kombinert med ACE-hemmarar/angiotensinreseptorblokkarar og betablokkar. 

Furosemid er det mest brukte vassdrivande medikamentet ved behandling av hjartesvikt. Vanleg startdose er 20–40 mg x 1. Vassdrivande gir fare for forstyrringar i saltbalanse (spesielt kalium og magnesium), og legen din bør derfor måle desse før og etter oppstart av behandling. 

Større døgndose enn 60–80 mg bør bli delt i to, og siste dose kan bli gitt kl.14 for å unngå vasslating om natta. I nokre tilfelle kan likevel dosering om kvelden vere rett, fordi du elles kan utvikle tung pust og redusert søvnkvalitet om natta. Vassdrivande medisinar har vanlegvis ein hurtig innsettande effekt på symptoma. 

Doseringa behøver ikkje vere den same frå dag til dag. Dersom du for eksempel skal i butikken, kan du ta medisinen etter at du kjem heim. Dosen kan også bli auka og minska frå dag til dag ettersom kroppsvekta går opp eller ned eller du merkar endring i for eksempel hevingar eller tung pust. Mange stabile pasientar klarer seg utan vassdrivande og tar desse berre ved behov.

Medikament som har nytte hos enkeltpersonar

Digitalis, digoksin, har lang tradisjon i behandlinga av hjartesvikt. Det er ikkje dokumentert at digitalis fører til betra overlevelse. Digitalis er spesielt nyttig ved framkammerflimmer (atrieflimmer) der betablokkarar ikkje gir tilstrekkeleg kontroll av hjartefrekvensen. Bruker du digitalis, bør du få sjekka konsentrasjonen i blodet, som er viktig at ikkje kjem for høgt. Overdosering av digitalis er svært farleg. Nyare anbefalingar går ut på at dosen (og konsentrasjonen i blodet) skal vere lågare enn tidlegare anbefalt.

Warfarin (Marevan) og nye orale antikoagulasjonsmedikament, som dabigatran, rivaroxaban og apixaban, verkar inn på evna blodet har til å danne blodpropp. I utgangspunktet bør alle hjartesviktpasientar som også har atrieflimmer, ha eit slikt medikament. Vi føretrekk warfarin dersom du har mekaniske hjarteklaffar. 

Kolesterolsenkande middel har vist førebyggande effekt på utvikling av hjartesvikt hos pasientar med angina pectoris eller hjarteinfarkt. Likevel viser nyare undersøkingar ingen generell gevinst av denne medikamentgruppa ved hjartesvikt. Kolesterolsenkande medikament gir vi derfor på individuell vurdering, først og fremst ved karsjukdom eller høg risiko for å utvikle dette.

Medikament utan dokumentert effekt og som kan vere skadeleg

Like viktig som å gi adekvat medikamentell behandling, er det å unngå eller slutte med medikament som kan vere uheldige. Det gjeld ein del betennelsesdempande og smertestillande medikament, nokre middel som blir brukt for hjarterytmeforstyrringar (unntatt betablokkar og amiodaron), mange kalsiumkanalblokkarar (verapamil, diltiazem og nifedepin), og enkelte medisinar for diabetes. Høyr med legen din dersom du er i tvil. 


Etter

Hjartesvikt krev oftast livslang eigeninnsats, behandling og oppfølging. Mange med hjartesvikt blir stabilt symptomfrie eller nesten symptomfrie på behandling og kan bli følgt av fastlegen. Blodtrykk, hjarterytme, vekt, langtidsblodsukker, nyrefunksjon og saltverdiar i blodet bør bli kontrollert regelmessig. Er du stabil og med lette symptom, kan dei fleste gå til kontroll kvart halve år. Dersom du har vedvarande symptom eller ustabil sjukdom med gjentatte tilbakefall, bør du bli kontrollert oftare. Då blir du ofte følgt opp på ein hjartesviktpoliklinikk på lokalsjukehuset.